torsdag 13. oktober 2011

Du må bruga vedet!

I dag klinkar Aftenposten til med sjokkmeldinga at lærarane no til dags har lågare IQ enn lærarane for tretti år sidan, eller sagt med reine, populistiske ord: Lærarane er blitt dummare. Kjelda er ei undersøkjing ved Norges Handelshøgskole. Det er nok mange moglege innvendingar til undersøkjinga, IQ-testing, tolkingane og ikkje minst framstillinga i media, som t.d. at "forsøkspersonane" ikkje var lærarar, men rekruttar på sesjon. Eg skal derimot ikkje kasta meg ut i den debatten. Til det har eg for lite informasjon.

For meg er det interessante: Er det mogleg at me - lærarar og andre - blir mindre og mindre smarte i dagens informasjons- og utdanningssamfunn? Eg trur svaret er ja. Det er slett ikkje utenkjeleg at me i vår del av verdens gradvis blir litt mindre smarte over tid, og med over tid meiner eg over nokre generasjonar. Kvifor? Fordi me bruker knotten mindre no enn for berre 20 år sidan.

I dag blir ein ikkje ubetydeleg del av vår intellektuelle aktivitet delegert til duppedittar: Kor mange av telefonnummera du har lagra i mobilen din, kan du utanåt? Greier du å rekna deg fram til cirkasummen av varene i handlekorga utan kalkulator? Finn du skrivefeila dine sjølv, eller stolar du på Words dyslektiske stavekontroll ryddar opp for deg? Har du gitt opp analog navigering i byar og satsar på at GPSen i bilen seier "venstre!" i rett tid?

Eg er overtydd om at jo mindre hjernen får bryna seg på slike oppgåver, jo sløvare blir han, på same måte som andre organ i kroppen treng å brukast. Og det ville vera rart om ikkje det på sikt førte til at me faktisk blir litt dummare. Det vil sjølvsagt ikkje visa seg nemneverdig før eit eller anna eventuelt slår ut alle duppedittane slik at me må greia oss sjølv, slik me gjorde så seint som på 90-talet. 

Heime i Ryfylke er "Brug vedet!" ei litt mindre diplomatisk oppfordring om å skjerpa seg. Med eit lite tillegg er det meir aktuelt enn nokon gong før: Brug vedet - før det forsvinne!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar