lørdag 2. november 2024

Foreninga hennar mor

For nokre dagar sidan døydde Gerd. Eg hadde for så vidt aldri hatt noko å gjera med Gerd - eg kan ikkje ein gong hugsa å ha snakka med ho - men ho var likevel ein del av barndomsuniverset mitt, for ho var med i mor si forening.

Det var ikkje noka syforening, men ho blei stifta i kjølvatnet av eit sykurs midt på 60-talet. Mor, Gerd, Irene, Elise, Kari-Lise, Brit, Randi og Hilde fann tonen så godt på dette kurset at dei begynte å møtast heime hjå kvarandre annankvar onsdag kveld, og det fortsette dei med i 50 år. Ikkje for å sy, nei, fri og bevares. Berre for å møtast, eta og fyrst og framst tatla og le. Og når det var ein slik onsdagskveld og mor skulle av stad til ei av venninnene, heitte det at ho skulle i forening

Mor hadde forening eit par gonger i året òg. Det var dei onsdagane Gerd og resten av gjengen kom heim til oss. Då måtte resten av familien flykta. Fluktruta gjekk gjerne til systera mi sitt rom i andre etasje, rett over stova. Der prøvde me å sjå på svart-kvitt-fjernsyn i eit gammalt kabinett mens latteren gjalla under oss. Det var god stemning i foreninga hennar mor.

Ein gong eller to i året var latteren og stemninga ekstra høge. Det var når dei mimra tilbake til sykurset som var utgangspunktet for heile foreninga. Det hadde visst vore så som så med sytalentet i gjengen, og minnene om fordums kreasjonar fekk fram både lattertårer og mageknip. Då var det greitt at det var langt mellom husa i Årdal, så ein slapp senda ut nabovarsel når det skulle vera forening.

Rundt 1990 hadde foreninga 25-årsjubileum heime hjå oss. Då var mennene òg bedne, og far rydda plass til danseplatting i snikkarverkstaden sin. Med varmelampe som discolys, sjølvsagt. Ska' det ver, så ska' det ver, for å sitera gode, gamle Stavangerensemblet.

Med unntak av to som kom til og to som slutta, var medlemsmassen den same i alle år. Alle hadde opptil fleire ungar, og ein del av dei var i jobb, men annankvar onsdag var det eigentid med forening. Men då dei blei pensonistar og ungane var vaksne, hadde dei ikkje tid til møte annakvar veke lenger. Akkurat det høyrest jo litt rart ut, men kanskje var det ikkje tid det blei mindre av. Det kan jo henda at behovet for ein pause blei mindre når me ungane var borte frå skjørtekanten. 

Uansett kva grunnen var, blei det til ein gong i månaden og etter kvart sjeldnare. Målet blei til slutt å koma seg forbi 50-årsjubileet. Det greidde dei. Jubileet blei beskjedent marker - om i det heile - og like etter var det slutt. Ei blanding av alder, helse og lyst sa stopp. Det er rundt ti år sidan sist forening, og damene er blitt godt vaksne. Gerd var nærare 90 då ho døydde, som den fyrste av dei som var med i foreninga frå start til slutt. Dei andre er ein stad i 80-åra, still going strong. Jo, det er nok noko i det gamle ordtaket om latteren som forlengar livet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar