onsdag 6. mars 2024

Svalbardpengar

Det er alltid artig når ein snublar over kuriositetar ein ikkje viste fantest. For ei tid sidan kom eg over ein slik i eit blad om antikvitetar: nokon annonserte ein 5-kroners setel frå Svalbard til sals. Ikkje visste eg at Svalbard hadde hatt eigne pengar - og det så seint som i 1979. Den måtte eg ha! Nokre dagar seinare kom setelen i postkassa, og då var det tid for å finna ut kva dette eigentleg var.

Frå begynnelsen på 1900-talet var kolgruvedrift sjølve livsgrunnlaget på Svalbard, både i dei norske busetjingane og i den russiske byen Barentsburg. I 1916 kjøpte den norske stat opp det amerikanske selskapet Arctic Coal Company og oppretta Store Norske Spitzbergen Kullkompani, vanlegvis kalla Store Norske. Det statlege kolkompaniet blei raskt sjølve bærebjelken i det norske samfunnet på Svalbard og hadde omtrent 700 tilsette på midten av 1960-talet, eit tal som gradvis avtok dei neste tiåra.

Alt frå starten i 1916 utbetalte Store Norske løna i  betalingsmerke for tilgodehavende lønn i staden for i norske kroner, ein praksis som ikkje var uvanleg blant gruveselskap. I Barentsburg hadde ein til dømes eigne "Svalbard-rublar" trykte av det statlege gruveselskapet Trust Articugol, som dreiv der. Ein grunn til denne praksisen var at gruvesamfunnet ute i havet var isolert frå fastlandet, noko som gjorde tilgangen på kontantar til lønsutbetalingar og handel vanskeleg. Då var det like greitt å trykkja pengane sjølv. Etter kvart blei betalingsmerka frå Store Norske kalla Svalbardpengar på folkemunne sidan det ikkje var andre pengar i omløp på øygruppa. 

Svalbardpengane tente mellom anna som betalingsmiddel når svalbardianarane skulle handla daglegvarer i den einaste butikken i Longyearbyen, ein butikk som sjølvsagt var eigd av Store Norske. Når ein av dei gruvetilsette flytta frå Svalbard, blei ubrukte kontantar veksla inn i norsk valuta. "Ubenyttede betalingsmerker blir ved inhendehaverens avreise fra Spitsbergen å tilbakelevere til kontoret mot beløpets godskriving i lønnsoppgjør", står det på setelen min.

Betalingsmerka blei utstedt i ei rekke ulike valørar gjennom åra: 10, 25 og 50 øre, 1 krone, 5 kroner, 10 kroner, 50 kroner, 100 kroner, 500 kroner og 1000 kroner. I dag er desse verd frå 200 og opp til 15 000 kroner, ifylgje Riibe mynthandel. Størst verdi har 10 kronesetelen frå 1966, som blei trykt i eit lite opplag. På det tidspunktet var det for øvrig rundt 2 000 000 "svalbardkroner" i sirkulasjon, ifylgje selskapet si årsberetning frå 1966/67. 

Svalbardpengane var i utgangspunktet berre gyldige i det året dei kom ut. Dermed måtte "gamle" setlar  tas ut som løn i norske pengar kvart år. Denne regelen blei oppheva i 1957, og frå då hadde setlane uavgrensa gyldigheit. Svalbardøkonomien vaks stadig, og i 1977 trykte Store Norske ikkje mindre en 6,2 millionar kroner i Svalbardpengar på eitt år. Norges Bank var derimot negativ til denne praksisen, og i 1979 blei det vedtatt at ordninga med betalingsmerke skulle avviklast med verknad frå 1. januar 1980. 5-kronesetelen min er frå 1978 og tilhøyrer dermed ein av dei siste årgangane med svalbardpengar trykt av Store Norske Spitzbergen Kullkompani.




Kjelder:
Arkivverket: Samfunnsbygging på Svalbard (besøkt 6.3.2024)
Riibe mynthandel: Store Norske - sedler (besøkt 6.3.2024)
Samlerhusbloggen: Svalbardsedler og deres historie (besøkt 6.3.2024)
Statistisk sentralbyrå: Svalbards bristende hjerte (besøkt 6.3.2024)
Store Norske Spitzbergen Kullkompani: 100 års erfaring med industriell virksomhet i Arktis (besøkt 6.3.2024)
Visit Svalbard: Svalbardpenger (besøkt 6.3.2024)
Morten Søberg: Svalbard! Pengar! Spartacus forlag, 2022.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar