søndag 19. november 2023

Gullfisken Lenes korte, men eventyrlege liv

Eg driv og ryddar for tida og kvittar meg med ting eg ikkje bruker lenger. I dag fann eg fram gullfiskbollen som har stått tom i 23 år, og gjorde han klar for sal på Finn. Og då måtte eg jo tenka på Lene.

Våren 1999 var eg student i Kristiansand og budde i ein triveleg studenthybel på 25 kvadrat i bydelen Lund. Det var ikkje lov med husdyr i hybelhuset, men ein dag fekk eg eit innfall: Kva med ein gullfisk i ein bolle? Som tenkt, så kjøpt. Det vil seia: det blei to gullfiskar i ein bolle. Dama i butikken meinte nemleg at det kunne vera kjekt med selskap i bollen.

Mens eg rigga til "akvariet" mitt med planter og det som høyrde til, gjekk det ein song med gruppa Aqua på radioen i bakgrunnen, og dermed hadde fiskane fått namn: Aqua og Lene. Den fyrste etter gruppa, den andre etter vokalisten.

Både Aqua og Lene var slørhale-fiskar. Det var best å ha to av same type, blei eg fortalt. Men Lene skulle snart visa seg å vera ein tøffing på line med ein kampfisk, og ho var ikkje udelt einig med dama i dyrebutikken i at ein sju-liters gullfiskbolle var stor nok for to. Det tok vel berre nokre få veker før ho hadde rydda kompisen av vegen og Aqua drog på leir med Doffen frå reklamen for å ta vare på seg sjølv.

Ein ny sambuar med namn Willoch flytta inn, men også han blei altfor snart offer for Lene sin trong til å ha bollen - og ikkje minst maten - for seg sjølv. Dermed blei det feriekoloni på han òg.

Men no hende det noko. Lene blei sjuk. Veldig sjuk. Ho åt ikkje og blei slappare og slappare, og etter ei vekes tid såg eg at dette nok ikkje kom til å enda bra. Men Lene var som sagt ein tøffing, og ho kom seg gjennom uføret og blei frisk igjen. Frisk som ein fisk, rett og slett. Eg var altså student på denne tida, og ein av medstudentane mine var namnesyster med gullfisken min. Dagen etter at gullfisk-Lene hadde kvikna til, fortalde student-Lene at ho hadde vore skikkeleg dårleg dei siste dagane - slapp og utan matlyst.

Det var då eg forstod at gullfisk-Lene ikkje berre var ein tøffing. Ho var ein voodoo-fisk!

No starta eit omflakkande liv for Lene. (Gullfisk-Lene, altså - student-Lene er ute av historia.) Mange vil nok hevda at det er vanskeleg å ha eit omflakkande liv i ein gullfiskbolle, men det hadde altså Lene. Studieåret i Kristiansand tok nemleg slutt, og eg tok med meg fisk og bolle heim til Ryfylke. Der tilbrakte Lene sommaren på feriekoloni (ikkje den same som Aqua og Willoch) på skjenken til mor og far. Åleine. Eg gjer ikkje den same feilen tre gonger. Etter to månader gjekk turen vidare med bil til Trondheim, der eg skulle busetta meg.

Hundar får vanlegvis plass bak i bilen. Lene sat framme. Ho heldt til i eit Norgesglas med lok på golvet på passasjersida. Med jamne mellomrom tok eg pausar og skrudde av loket for å gi Lene litt ny luft mens eg åt eller strakk på beina, og slik suste Lene gjennom Ryfylke og Hardanger, over Hardangervidda og nedre del av Gudbrandsdalen til me kom til onkel og tante på Fåvang. Der overnatta me, og Lene blei foreviga med onkel sitt videokamera før me reiste vidare over Dovre og til Trøndelag neste dag. Lene fekk altså sett meir av Noreg enn gullfiskar flest.

Den nye leiligheita i Trondheim var dessverre dårleg eigna som opphaldstad for både Lene og meg, mørkt og fuktig, som det var. Når Lene sin bolle stod i vindauget, blei det for mykje lys og algeoppblomstring, men når eg flytta han vekk frå vindauget, blei det for lite lys. Det gjekk som det måtte, og ein haustmorgon svømde Lene på ryggen. Ho blei gravlagd i ei passe lita fyrstikkeske nedanfor Theisendammen på Byåsen, eit drygt halvår gamal. (Eg har for øvrig ikkje høyrt noko frå student-Lene heller etterpå. Me får tru at gullfisk-Lene si voodoo-kraft hadde kort rekkjevidde.)

Eg flytta ut frå leiligheita og fekk meg ny sambuar - denne gongen eit menneske - og etter ei lita stund fekk bollen nye bebuarar igjen: Prikken og Gonzales. Sistnemnde var oppkalla etter Speedy Gonzales fordi han stort sett suste rundt i bollen som ein virvelvind. Ingen av desse blei særleg gamle, dessverre, men Prikken blei yngst. 

Gonzales såg ut til å ta tapet med fatning. Han var rett nok noko mindre virvelvindaktig, men det kunne jo berre skuldast at han hadde blitt vaksen. Uansett prøvde me å underhalda han, blant anna ved å kasta ein raud ball på utsida av bollen. Dette vekte interessen hans, og han bevegde seg opp og ned i vatnet i takt med ballen. Slik lot han seg underhalda to gonger, men den tredje gongen var det ingen reaksjon. Me prøvde igjen nokre dagar seinare, men nei. Han var lei av triksa våre. Det var som Ole I'Dole syng: "Det går én gang, kanskje fire, men aldri fem." Og dermed var myten om at gullfiskane berre hugsar i tre sekund grundig tilbakevist.

Då Gonzales òg la på ryggsvøm, blei det ikkje fleire gullfiskar i bollen, og sidan har han altså stått nedpakka med ymse stæsj i over tjue år. I arbeidet med dette innlegget oppdaga eg til mi store overrasking at eg berre har eitt bilete av fisk i bollen - og det i svart-kvitt! Men gullfisk gjer seg best i fargar, og dermed lot eg kunstig intelligens på nettet fargelegga biletet. Det gjekk høveleg bra, bortsett frå at dei grøne (!) plantene ser steindaude ut. 

Slik såg dei ut, Gonzales og Prikken. Gonzales er til høgre og Prikken til venstre. Eller omvendt.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar