mandag 10. juli 2023

Tomgangskjøring

 Det er like fordømt unødvendig og irriterande kvar gong: Folk som lar bilen gå på tomgang mens dei "berre tar ein liten telefon" eller ventar på at makkeren skal koma ut ifrå butikken. 

Her om dagen såg eg det igjen, denne gongen på parkeringsplassen ved Nardocenteret her i Trondheim. Ein bil kom opp og parkerte rett ved sida av meg like etter at eg hadde parkert. Inni sat eit ganske ungt par. Eg gjekk inn på butikken, og då eg kom ut, hadde nok dama gått inn i butikken, for i bilen sat mannen åleine med nasen i mobilen. Og med motoren gåande. Det var mange og tjue grader ute, så han trengde neppe straum til varmeapparatet. Kanskje han høyrde på musikk? Vel, motoren treng ikkje gå for å gjera det. Det held å skru på straumen. Batteriet går neppe tomt på dei få minutta.

Dei verste er kanskje dei som kjem ut ifrå butikken, set seg i bilen, startar motoren og så tar opp telefonen. KVIFOR??? Og så var det rørleggaren som sette seg i bilen ved Kiwi på Tunga og starta motoren før han tok opp matpakka ...

Det artige oppi dette er at dei som gjer slikt gjerne òg er dei bilgalne som klagar mest og høgast på bensinprisen.

I Sverige er dei flinkare til dette. Når du kjem kjørande inn i ein svensk by eller tettstad, møter ein gjerne eit skilt som seier at tomgangskjøring er forbode, eller med teksten "Tomgångskörning max. 1 min.". I kva grad dette blir handheva, veit eg ikkje, men det er i alle fall ei påminning om at dette ikkje er ønskeleg.

Foto: Ålands radio & TV.

Samtidig var det nettopp i Sverige me kom ut for den verste tomgangskjøraren av alle. Det skjedde i den temmeleg motoriserte tettstaden Ed, like over grensa frå Halden, for ein del år sidan. Me hadde kjøpt oss kvar vår is og sat i sola utanfor gatekjøkenet med det fantastiske namnet Jerry Berry. Så kom ein far med dottera og parkerte like framfor oss. Han (dottera var for ung til å bli rekna som medskuldig) lot motoren gå mens dei gjekk inn og bestilte mat på gatekjøkenet. Det tok vel omtrent ti minutt før dei kom ut igjen. Då snakkar me tomgangskjøring på meir enn ett plan ...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar