søndag 16. september 2012

Men rekord blei det

På torsdag var eg med sykkelklubben på Prestmovelodromen på Stjørdal. Der hadde me klubbmeisterskap i 1000 m. Eg hadde rett nok sykla der ein gong før med ein ven, men nå var det offisiell, elektronisk tidtaking og til med speaker. Full pakke, altså, på den einaste operative velodromen i landet. Det er ikkje kvar dag ein får prøvd slikt.

Og nettopp derfor er det ganske irriterande når ein ikkje nyttar høvet til å gjera sitt beste. Eg gjekk for veikt ut og kom i mål med plenty av krefter igjen, og slik skal det jo ikkje vera. Etter ein 1000 m skal ein kunna tappa mjølkesyre ut av øyregangane. Kort oppsummert: 1.48,2 og temmeleg misnøgd. Då gjeld det å finna noko positivt i det.

"Eg kan garantera at alle får ny personleg rekord", sa ein av arrangørane før start, vel vitande om at ingen av oss hadde sykla 1000 m på bane før. Så om 1.48,2 var godt over det eg hadde sikta mot, så var det trass alt ny personleg rekord. 

Og ikkje berre det.

Eg tør vedda ganske store summar på at ingen av sambygdingane mine har sykla på velodrom, og dermed gjer eg krav på Årdalsrekorden i 1000 m banesykling. Dessverre er eg ikkje medlem i Årdal IL, og eg kan derfor ikkje gjera krav på nokon klubbrekord. Kommunerekorden derimot kan vera min. Det er stor sjanse for at verken hjelmelandsbuar, fisterbuar eller randøybuar har velodromerfaringar heller, skjønt her må eg ta ein reservasjon: Hjelmeland hadde ein god syklist, Håvard Nybø, som deltok i landevegs-VM i 2010. Han kan jo ha ei offisiell tid på 1000 m. 

Elles gjer eg krav på ikkje berre Hjelmelandsrekorden, men Ryfylkerekorden i same slengen. (Ja, Gunn Rita Dahle Flesjå er ryfylking, men ho er dame, og det er separate rekordar for damer og menn.)

Med andre ord: På ein noko slapp dag sette eg (truleg) tre rekordar i ein jafs. Dessutan vann eg klassen M40-49. Greit, det var ingen andre i den klassen, men kva så?

Du har no lese eit blogginnlegg til styrking av forfattaren si sjølvkjensle.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar