mandag 24. oktober 2011

Oktober - snart jul

Tittelen på dette innlegget  er også den fyrste linja i eit noko under middels godt dikt med skråblikk på jula eg skreiv i 1994. Det blei til og med trykt i lokalavisa og forsterka systera mi sitt bilete av meg som julehatar.

I helga blei diktet meir aktuelt enn nokon gong då den same systera var på besøk her med dottera si. Dottera er 13 år og veldig glad i - og flink til - å laga ting, gjerne til andre. For å gjera historia kort: Ho hadde med sjølvlaga julekort og julegåver til oss, og ho insisterte på at me opna dei alt no.

Gåvene var hekla huer. Det er lett å sjå at jenta kan hekla sjølv for hekleignorantar som meg. Så jamt og slett at ein skulle tru det var fabrikkvevd. I dag var det 3-4 grader då eg skulle på jobb, så hua fekk jomfruturen og gjorde jobben.

Julekortet - eller rettare: julescrapboka - er eit kapittel for seg. Det er eit åtte siders "kort" med blondeomslag og sløyfe. Innhaldet er mellom anna nissebileter, perler en masse, ei lang julehelsing og sjølvskrive dikt. Og bakerst står eit dikt ho hadde fått frå mormora: Julediktet mitt frå 1994!

Arbeidsinnsatsen, kreativiteten og givargleda som låg bak både kortet og gåvene, gjorde at jula 2011 fekk ein veldig god - om enn noko tidleg - start.