torsdag 19. juni 2025
Ein anakronisme takkar for seg
lørdag 14. juni 2025
Styrkeprøven og eg
Denne helga tråkkar 600 syklistar seg dei 515 kilometrane frå Trondheim til Oslo i Den store styrkeprøven. Sjølv er eg milevis frå å vera i stand til slike utskeiingar no, men i 2006 var eg éin av ca. 1800 som tok denne turen, som då var 54 mil. Det gjorde eg saman sykkelkompis og jobbkollega Olaf.
Styrkeprøven var noko eg hadde hatt som eit fjernt mål sidan eg fekk meg landevegssykkel sist på 80-talet, og då eg tok fram sykkelen igjen i 2004 etter mange års pause, blei målsettinga meir alvorleg. Det var noko eg måtte gjera. Eg måtte bevisa for meg sjølv at eg kunne klara det trass kroppslege utfordringar. Og det gjorde eg sjølv om det var nokre humpar på vegen.
Eg skal vera den fyrste til å innrøma at eg ikkje fyrst og framst gleidde meg då eg stod på torget. Faktisk huska eg at eg på ein treningstur eit par veker tidlegare tok meg i å tenka at om eg dett og brekker beinet no, er det heilt greitt ... Den siste treningsturen onsdagen før rittet gjekk heller ikkje etter planen. Eg punkterte to gonger og måtte til slutt få haik med ein postbil (!) som kjørte meg til Sandmoen, der sambuaren min kunne henta meg. Eg og Olaf hadde heller ikkje sykla så mykje saman, men me hadde hatt ein 20 mils langtur til Agdenes og tilbake i kaldt pisseregn og kuling i kasta, så me var i det minste herda.
Turen gjekk fint heilt til den fyrste drikkestasjonen litt før heimbygda til mor, Soknedal. Da sa Olaf: "Eg toler eigentleg ikkje sportsdrikk, men eg prøver." Dermed fekk han vondt i magen til me var over fjellet. Inne i sjølve Soknedal hadde dei to onklane mine, Ottar og Odd, tatt oppstilling for å heia på meg. Det var stas!
Bortsett frå Olaf sine mageproblem gjekk det fint over fjellet, men på andre sida begynte eg å frysa. Derifrå heldt eg på å frysa skvett ihel på kvar drikke- og matstasjon. I tillegg fekk eg vondt i kneet ein stad rundt Tretten. Då hadde me alt skrinlagt målet om 24 timar. Åleine i motvind og med mage- og kneproblem var det lite realistisk, men det var aldri aktuelt å bryta. Eg visste at om eg braut i fyrste forsøk så det blei ei negativ oppleving, kom eg truleg aldri til å prøva igjen.
Så eg tråkka vidare trass i at kneet gjorde vondt kvar gong eg trampa den venstre pedalen ned - noko eg gjorde drygt 70 gonger per minutt - og at eg blei meir og meir sliten. For ikkje å seia trøtt og søvnig. Det monotone partiet inn mot Minnesund var forferdeleg i så måte. Då heldt eg nesten på å duppa av, så på drikkestasjonen på Eidsvoll blei det tatt grep: Eg blei påtvunge eit pleidd og drakk ein kopp kaffe. Her trengs det litt bakgrunnsinformasjon: Eg drikk aldri kaffe. Dermed gjekk denne koppen rett i fletta på meg. Superdoping, rett og slett. Derifrå gjekk det svært så lett, og då eg kom til Oslo nær 28 timar etter starten, var eg klar for å sykla heim igjen.
Det skulle visa seg at eg ikkje var så pigg likevel. Eg overnatta hjå fetteren til sambuaren min. (Han henta meg i målområdet med orda: "Har du sykla hit, greier du vel å sykla resten òg.") Der låg eg i eit varmt rom i andre etasje og stira på den gammaldagse vifta i taket og ønskte at ho hadde gått. Kvifor eg ikkje starta ho? Eg kom ikkje på at det var mogleg! Styrkeprøven rammar meir enn bein og rygg.
Men historia om meg og Styrkeprøven var ikkje over med det. Eg bruker å seia at eg har sykla Styrkeprøven 1,2 gonger. Tre år seinare stod eg nemleg på startstreken igjen - åleine og i betre form enn nokon gong - men dritvêr gjorde at eg braut på Fagerhaug, nøyaktig ein femtedel ut i løypa. Då var eg så gjennomblaut og kald at eg ikkje syntest det var forsvarleg å fortsetta over fjellet, trass i at eg visste at vêret derifrå kom til å vera bra. Det er framleis bittert 16 år seinare, men det var rett.
Arrangøren kjørte meg til togstasjonen på Oppdal. Då eg kom inn i venterommet, såg eg ein person eg drog kjensel på. Eg hadde sett han på TV kvelden før. Han blei intervjua om Styrkeprøven og fortalte at han hadde prøvd seg ein gong før, men då måtte han bryta på Oppdal. Denne gongen skulle det derimot gå! Og no sat han altså på venterommet. Eg valde å ikkje seia noko om at eg hadde sett intervjuet. Stakkaren hadde lidd nok.
Eg lærte noko viktig i 2009: Det er vanskelegare å bryta Styrkeprøven enn å fullføra. For koss skal du koma deg heim igjen? Og kva med sekken din, som er på veg til Oslo? Sekken blei henta av Matthias, ein kamerat som òg sykla dette året, så det gjekk heilt fint. Heimtransporten var ei større utfordring. Det gjekk ingen tog nordover før nattoget, og sambuaren min var utanlands. Å sykla heim igjen, var svinnande lite aktuelt. Til såg eg berre ei løysing: min gode ven Jardar. Han heiv seg i bilen og kjørte 12 mil og henta meg. Og så 12 mil tilbake, sjølvsagt. Det sat langt inne å spørra han, men det sat ikkje langt inne for han å seia ja. Aldeles fantastisk!
Draumen om å koma under 24 timar blei knust av trøndervêret i den junidagen i 2009, og eg veit at det ikkje blir fleire forsøk. Men pytt, pytt. Grensa på 24 timar var ein draum - målet var å koma seg til Oslo på sykkel. Og det greidde eg!