Norsk kvinnefotball har endra seg mykje dei siste åra. Tidlegare var toppserien - eller 1. divisjon som det heitte tidlegare - full av små klubbar som Sprint/Jeløy, Asker, Klepp, Trondheims-Ørn, Grand Bodø og Amazon Grimstad, men i dag blir kvinnetabellane i toppen meir og meir lik herretabellane. I skrivande stund er dei fire beste laga i toppserien Vålerenga, Rosenborg, Brann og Lillestrøm. Denne sesongen er 13 av dei 20 klubbane i dei to øvste divisjonane for kvinner òg å finna i eliteserien eller OBOS-ligaen for menn. Då har eg rekna med FK Haugesund, som framleis heiter Avaldsnes denne sesongen av formelle grunnar.
Og nettopp fusjonen mellom FKH og Avaldsnes illustrerer mykje av kjernen i utviklinga dei siste åra. Dei tradisjonelle toppklubbane for menn har sett reklameverdien ved å ha eit kvinnelag, og dermed har dei administrert seg inn i toppen av kvinnefotballen i ordets mest bokstavelege tyding. På Karmøy har dei altså fusjonert, og Bodø/Glimt sitt framoverstormande kvinnelag blei til på det same viset ved at Grand blei slukt. Det eldste dømet på eit herrelag som plutseleg fekk eit kvinnelag, er Stabæk. Dei overtok lisensen til det gamle storlaget Asker alt i 2008 og suste rett inn på medaljeplass i kvinnenes serie. Av dei nyaste og mest spektakulære døma er Trondheims-Ørn og Sandviken som blei til Rosenborg og Brann ved styrevedtak og namneskifte.
Men det finst unntak. Tradisjonelle storklubbar som har nådd toppen på "ærleg" vis gjennom sportsleg slit. Prakteksempelet er regjerande seriemeister Vålerenga, som fekk kvinnelag allereie i 1982, mens byrivalen Lyn starta på bar bakke i 4. divisjon i 2009 og spelte seg opp i toppserien ni år seinare. Eit anna lag som kjempar seg fram på kvinnesida utan å ta snarvegar, men som rett nok ikkje har nådd toppen heilt enno, er dei kjære mørkeblå: Viking FK.
Viking var faktisk ein av pionerane i norsk kvinnefotball og fekk kvinnelag allereie på 1970-talet. Klubben deltok i det fyrste offisielle cupmeisterskapet i 1978, og i 1983 nådde dei semifinalen, der det blei tap for storlaget Sprint/Jeløy. Ja, Vikingfekk til og med ein spelar på landslaget i 1982.
I 1984 blei det oppretta eit landsomfattande seriemeisterskap for kvinner med tre 1. divisjonsavdelingar og sluttspel. Viking spelte i avdeling Vestland i åra 1984-86, men dei greidde ikkje å kvalifisera seg til den landsomfattande 1. divisjonen frå 1987. Dermed blei det 2. divisjon, og lufta gjekk ut av ballongen. Der blei det sisteplass med 16 tap på 16 kampar og 8-93 i målforskjell. (Rett nok vann dei årets fyrste kamp mot Skjold, men då dei trakk seg halvegs ut i sesongen, mista Viking denne trøstetriumfen.) Kalassiffera 0-9 og 0-15 i dei to siste kampane viste at ballongen var tom for luft, og laget blei nedlagd.
Så blei det stilt. Dørgande stilt. Lenge. I 28 år. Heilt fram til 2015.
Då stilte Viking igjen på startstreken i 3. divisjon, og i fjor rykka dei opp i 1. divisjon etter å ha snubla på målstreken tre år på rad. Trass i tap for FKH (Avaldsnes) sist helg, er Viking no det høgast plasserte kvinnelaget frå Rogaland etter at det gamle storlaget Klepp rykka ned i 2. divisjon og Avaldsnes blei degradert frå toppserien på grunn av økonomien sist sesong. Viking ligg akkurat no på 4. plass etter 11 kampar og slåss om å få ein av plassane i opprykkssluttspelet. Avstanden opp er nok for stor både i poeng og kvalitet til at det blir opprykk i år, men det er nok berre eit spørsmål om tid før Viking speler seg til toppserien og står ansikt til ansikt med Rosenborg, Brann og andre storlag som har administrert seg dit.