Neeeeiiii! Det var det eg sa høgt då eg opna det siste nummeret av bladet Samler- og antikkbørsen for å hyggja meg i godstolen. For det viste seg at det var nettopp dét det var: det siste nummeret. "Takk for følget" lyste det mot meg i overskrifta på leiarartikkelen.
Eg oppdaga dette bladet for omtrent to år sidan og har sidan kjøpt det og kost meg med å lesa om pussige antikvitetar, endå pussigare samlarar og hinsides pussige auksjonsprisar på alt frå kinesisk porselen til emaljeskilt frå bensinstasjonar, rett nok utan å bli så mykje klokare på antikvitetsverda. Eg får vel heller parafrasera svigermor og slå fast at eg har lest mykje og gløymd alt. Men no er det altså slutt. Samler- og antikkbørsen er ikkje lønsam lenger og nummer 3-2026 blei det siste i rekka.
No er ikkje eg så levande opptatt av antikvitetar og snurrepiperier som avsnitta over kan tyda på, og derfor kan det nokså lange og temmeleg oppgitte neeeeiiii-et høyrast ut som ein overreaksjon. Når nei-et likevel kom med så mange e-ar og i-ar, skuldast det fyrst og framst fordi dette skjer om og om igjen: Eg finn noko eg likar, og kort tid etterpå forsvinn det.
Berre dei siste månadene har det skjedd minst tre gonger utanom dette bladet. Fyrst med eit fiskeprodukt som eg syntes var alldeles fortreffeleg. Eg rakk å kjøpa det to gonger, og sidan har eg ikkje sett det. Meir sjokkerande er det at både Pukka og Yogi har slutta med lakris-te. Det vil seia, dei har lakris-te, men då med pepparmynte-smak. Kva er då vitsen med lakris i teen? Pepparmynte overkjører jo alt av smakar. Dessutan er det så vatndrivande at ein kan jo ikkje drikka det etter klokka to på ettermiddagen om ein vil sova om natta.
Det definitivt mest irriterande er at Tine sin smøreost med peppar ser ut til å ha dratt dit pepper'n gror. Han har i alle fall ikkje vore å sjå verken hjå Coop, Rema eller Kiwi dei siste vekene. Men her har eg enno eit håp om at han kan dukka opp igjen og at matpakkene kan koma tilbake til normalen igjen.
Fire favoritt-ting har altså fordufta på kort tid og slutta seg til rekkene av produkt handelsstanden har bestemt å ta ifrå meg. Tidlegare har dette skjedd med mellom anna ein cornflakes-sort (fekk prøva han éin gong!), uike pålegg, dusjsåpe, deodorant, kalender-dagbok, sokkar og fleire andre ting eg ikkje hugsar no.
Eg reknar med at nokre av produkta er nye produkt som leverandørane testar ut, men nokre av dei har hatt eit langt og lukkeleg liv før dei møtte meg, som Samler- og antikkbørsen. Bladet var inne i sitt 32 år då det kom ut for meg. Deretter tok det altså to år. Så ja, eg har eit eige talent: Eg får bra ting til å forsvinna frå marknaden ved rett og slett å kjøpa dei.