Eg er stor fan av tekst-TV, om enn ikkje avhengig, slik Snefrid seier eg er. Kvar morgon er ein nyheitssjekk på tekst-TV noko av det fyrste eg gjer - både på NRK og TV2, og jamleg TV3. Og utover dagen er eg innom ganske så mange gonger. Slik har det vore sidan me fekk fjernsyn med tekst-TV midt på 1980-talet.
Av og til går det litt fort i svingane i tekst-TV-redaksjonane, som t.d. då skyttaren Harald Stenvaag vann ein stor tittel for mange år sidan. "Stenvaag skjøt konkurrentene i senk", melde NRK tekst-TV. Ein annan gong melde dei: "I Argentina er lørdag utsatt til søndag på grunn av dårlig vær." Det var eit utforrenn som blei utsett.
TV2 kan likevel skilta med den mest forvirra redaksjonen. I dag leverte dei denne artikkelen under tittelen "Norsk-svensk avtale undertegnet", gjengitt i si heilheit:
Avtalen ble undertegnet i Stockholm klokka 16.19 onsdag ettermiddag av olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) og nærings- og energiminister Maud Olofsson fra det svenske Centerpartiet. Begge benyttet anledningen til å kalle avtalen historisk. Før den etter planen skal tre i kraft 1. januar 2012 må det godkjennes av både Stortinget og Riksdagen. Avtalen skal vare fram til 2035. Les mer på tv2.no.
Her er det imponerande presisjon med tanke på kor liten plass ein har å boltra seg på, til og med klokkeslettet på minuttet. Og slik bør det jo vera når det gjeld ein historisk avtale med söta bror. Likevel sit du truleg igjen med eit spørsmål.
Svaret er: Ein avtale om elproduksjon.
Kommaet som manglar etter datoen og vekslinga mellom den og det i setninga "Før den etter planen....", er forøvrig knapt nok for feil å rekna etter TV2-standard.