lørdag 23. november 2013

Bingo?!

Det er cupfinaletid. I dag vann Stabæk damefinalen, og i morgon møtes Rosenborg og Molde til årets store fotballfest på Ullevål stadion. Kampen blir sendt på NRK, med Arne Scheie som kommentator for aller siste gong. Han gir seg visstnok som fotballkommentator, og i samband med det blei han intervjua i Morgennytt.

Eit naturleg spørsmål var kva han trudde om den føreståande kampen. Scheie rekna med at det ville bli ein god og jamn kamp, og han håpte at det ikkje ville enda med straffesparkkonkurranse. For, som han sa: "Straffesparkkonkurranse er bingo."

Men er det verkeleg det? Eg var sjølv veldig skeptisk til å avgjera viktige kampar, som t.d. internasjonale finalar, på den måten, men no ser eg litt annleis på saka.

Fotball handlar om å få ballen i mål flest gonger, og når ingen av laga er flinkare enn det andre til det i løpet av den tilmålte tida, er det berre rett og rimeleg å sjå kven som er flinkast under lettare føresetnader: Kort avstand og ingen plagsomme forsvarsspelarar. Er dette bingo? Nei, sjølvsagt er det ikkje det. Me snakkar om grovt overbetalte jyplingar som bruker heile den korte arbeidstida si på å trena på nettopp dette: å få ballen i mål. Og då må ein forventa at dei greier nettopp det på 11 meters hald med nesten tomt mål. Det skal ikkje vera eit spørsmål om flaks.

Ein straffebom er resultatet av eitt av to: Anten er det ein dyktig keeper, eller så er det ein udyktig straffeskyttar. Det er ikkje uflaks. Straffeskytarar som kallar seg toppidrettsutøvarar kan rett og slett ikkje skulda på slikt med mindre dei sklir på det blaute, glatte graset eller skolissa går opp i det dei skyt - og det skjer veldig sjeldan. Dessutan høyrer det med til stillingsbeskrivelsen deira å sjekka skolissa.

Ein periode hadde ein eit velmeint forsøk med golden goal, eller "fyrste målet vinn", som me kalte det heime i Årdal på 80-talet. Tanken var god, men ikkje så realistisk, viste det seg. Etter 120 minutter var beina møre og angsten for baklengsmål større enn lysta til å skåra sjølv, så det enda gjerne slik det hadde gjort så mange gonger før:

Straffekonkurranse for å sjå kven som var flinkast til det enkle. Eg har kome fram til at det er det beste og mest rettferdige. Fotball handlar trass alt om éin ting: Å sparka ballen i mål.


søndag 3. november 2013

Blå-blå (eller dobbelt opp, om du vil)

[Dette innlegget blei fyrst publisert på bloggen Språkkalender 2013 den 29. oktober under tittelen "Blå-blå". Eit par små trykkfeil er retta opp her.]

Landet har fått ei ny regjering, og den er blå-blå. Samansetninga blå-blå viser til at det er to borgarlege – altså blå – parti som har gått saman om å danna regjering, men på norsk kan me gjenta ord, særleg adjektiv, for å uttrykkja fleire andre tydingar og nyansar.

For å uttrykkja at noko utviklar seg i ei bestemt retning, kan me til dømes gjenta eit adjektiv i komparativ. Ein som nettopp har vore sjukmeld kan svara betre og betre på spørsmålet om korleis det går. Og når det gjeld korleis det går med norskstudentane mine, både håper og trur eg at dei lærer meir og meir norsk, og dermed blir flinkare og flinkare. Det treng ikkje vera ei positiv utvikling. Det blir til dømes fleire og fleire arbeidslause i Europa.

Men når me gjentar eit adjektiv i grunnforma (positiv), har det ei heilt anna tyding. Då hintar me om at akkurat dette adjektivet ikkje er så treffande i denne situasjonen:

- Denne kaka var ganske god!
- Vel, god og god.

I slike situasjonar er det vanleg å ha med ein eller annan markør som understrekar skepsisen, som til dømes vel eller nja. Eller me tyr til fru Blom:

- Var kaka god?
- God og god, fru Blom.

Det same kan me gjera med substantiv òg når me meiner at tingen me snakkar om knapt nok er verdig substantivet me bruker. Ein som eig ein rustholk som er nær ved å ramla frå kvarandre, kan svara slik på spørsmål om han har bil: Bil og bil, fru Blom, eg har då ein…. Og når det gjeld spelet til Rosenborg BK, er fotball og fotball ei god skildring.

Andre lag derimot – særleg på Sør-vestlandet -  spelar ein finfin fotball. Denne fordoblinga forsterkar det positive i adjektivet, men den blir berre brukt ved adjektivet fin. Det blir feil å seia at noko er brabra eller storstort.