lørdag 15. juni 2013

Gjensidige, kunden og ein som nytta høvet

For eit par dagar sidan kunne Aftenposten melda at kvar fjerde ungdom synes det er greit å svindla forsikringsselskapet sitt ved å plussa litt ekstra på erstatningskravet. Heldigvis er moralen betre i høgare aldersgrupper, men i alderen 40-59 er det framleis 6% som meiner at "det kan godtas av og til" å plussa på kravet. Det var ein av desse eg traff på utanfor Trondheim Spektrum for eit drøyt år sidan.

Eg blei skrekkeleg sur på han, men direkte forbanna på forsikringsselskapet mitt, som absolutt ikkje skal få vera anonyme her. Det heiter Gjensidige. Så kva skjedde?

Eg hadde vore på handballkamp mellom Byåsen og Larvik. Hallen var fullstappa, og det var parkeringsplassen òg. Etter mykje om og men hadde eg funne ein noko knøvlete plass, og då eg lirka meg ut med rygging mellom bilar og ein grøftekant etter kampen, gjekk det ikkje betre enn at eg så vidt sneia borti bilen føre meg. Touchen var så liten at eg verken kjende eller høyrde det sjølv, og eg hadde ikkje oppdaga det om ikkje passasjeren min hadde gjort meg merksam på det. 

Eigaren sat i den andre bilen, og såg nærast nøgd ut då han kom ut og straks utbraut: "Me må skriva skademelding!" Javisst, tenkte eg, men det var ein underleg fyrste kommentar. Eg svara at me fyrst måtte sjå om det var nokon skade. Det var han samd i, om enn litt motvillig.

Fyrst såg me heller ingen skade, men etter å ha skrubba vekk litt skit frå støtfangaren hans, såg me to bittesmå riper på baksjermen, like over hjulet. Gutungen hans heldt fast på at han ikkje såg nokon skade, men faren ba han halda kjeft. Personleg hadde eg ærleg talt gitt blaffen om det var min bil. Det gjorde ikkje han, og det var jo greitt nok. Det var no ein gong min feil. Surt var det sjølvsagt, men eg tenkte at det umogleg kunne bli så dyrt. 

Men det blei det. Etter ei god stund kom det brev frå Gjensidige om at skaden var taksert til 15000. Rekninga mi blei rett nok mykje mindre, men eg såg fort at dette umogleg kunne stemma. Derfor ringte eg Gjensidige og fortalte ei surmaga kjerring at eg var skeptisk til denne takseringa, som sjølvsagt var gjort av motparten sitt selskap. "Og sidan du har feilen, godtar me takseringa," konkluderte ho. 

Det viste seg at det hadde dei gjort utan å sjå rekninga frå verkstaden og kva som var gjort. Derfor ba eg om å få sjå rekninga. "Då må du kontakta det andre selskapet," sa servicemedarbeidaren. "Kva? Gjensidige er jo min representant. De må då gjera det for kundane. Det er jo ikkje lett for meg å få tak i slikt. Det er jo mellom anna difor ein har forsikring: For å få hjelp i forsikringssaker," sa eg i ein noko forundra tone som sikkert ikkje var så hjarteleg som han kunne ha vore. 

Etter litt om og men - utruleg nok - ga ho seg og lova å skaffa spesifikasjonane frå det andre selskapet. Etter eit par veker kom det i postkassa. Det var som eg venta: Sniken hadde venta på at nokon skulle sjå hardt på bilen hans slik at han kunne få fiksa ymse andre feil på forsikringsselskapet og ein annan sjåfør si rekning. Han hadde mellom anna skifta den eine baklykta, sjølv om ho ikkje kunne ha blitt skada under "samanstøyten" vår. I fylgje Gjensidige sitt fylgjebrev var derimot skadane i tråd med det som hadde skjedd på parkeringsplassen.

Det var dei på ingen måte, noko eg ringde og fortalte dei. Eg la til at denne personen ikkje berre påførte meg ekstra utgifter, men at han og svindla Gjensidige for truleg ein femsifra sum. Det var dei ingenlunde interesserte i å undersøkja. 

Eg kan forstå at selskapet ikkje går i krigen for så små summar, men dei treng ikkje nettopp støtta motparten blindt og vera direkte småfrekk mot kunden som varslar om ein sannsynleg svindel. Dei kunne til dømes ha sagt: "Greit, me skal ta ein ny kikk på skademeldinga og vurdera saken." Og om det ikkje var mogleg, eller om dei ikkje kunne konkludera med svindel, kunne dei i det minste ha sagt noko slikt som: "Takk for tipset. Me skal notera namnet hans til eventuelle seinare saker og varsla selskapet hans." Men nei: Hjå Gjensidige er det den lurte kunden som er mest til bry.

Av denne saka trakk eg to lærdommar:

1. Skademeldinga skal ikkje berre seia kva som blei skadd, men òg kva skadar som ikkje oppstod.
2. Gjensidige - og truleg andre forsikringsselskap - synes sjølv det er greitt å bli svindla litt i ny og ne.

Og då er det ikkje så rart om mange andre òg synes det. Eg er ikkje blant dei, men om eg høyrer om nokon som har sett fyr på bilen sin eller senker båten i fjorden for å tena seg rik på Gjensidige, må nok selskapet rekna med å finna ut av dette utan mi hjelp. For eg har sjeldan blitt så dårleg mottatt som den gongen eg prøvde.