onsdag 6. mars 2013

Visst kjenner alle Årdal...

Då eg kom heim i dag, kunne Snefrid fortelja at ho hadde diskutert familiane Soppeland og Vadla i Årdal med frisøren her i Trondheim i dag. No skal eg skunda meg å legga til at "diskutert" er ei sterk overdriving, og at det på ingen måte er snakk om sladder av noko slag. Det var berre det at ad underlege vegar i samtalen hadde det kome fram at frisøren hadde tilbrakt nokre år av barndomen i Årdal i Ryfylke. Og derfor kjende ho til desse familiane.

Snefrid blei ikkje så lite overraska over dette, og frisøren blei ikkje mindre overraska då Snefrid fortalte at mannen hennar kom derfrå, og at ho var der seinast i jula. Frisørdama hadde aldri møtt nokon som kjende til Årdal før.

Dette veit eg alt om. Årdal i Ryfylke er ei lita bygd midt i Ryfylke, og om du seier at du kjem frå Årdal, tenkjer alle på Øvre Årdal i Sogn og Fjordane. Til og med folk i Stavanger. Derfor seier eg vanlegvis det same som frisørdama hadde sagt fyrst: ein liten stad nær Stavanger. Årdalsbuen har aldri sett det store behovet for å flagga heimbygda for ivrig.

Men no lurer eg på om Årdal er meir kjend enn eg har trudd.

Alt for ti år sidan hadde eg ein kollega her i byen som heitte Ramsfjell, og som stamma nettopp frå den fjellgarden, som ligg ikkje langt frå Årdal. Så ho hadde vore fleire gonger i Årdal, ho. Og no kjenner ikkje mindre enn to av dei næraste kollegane mine på NTNU til sandbygda i Hjelmeland kommune. Det er ikkje så rart at ho frå Stavanger har vore der, men det kom som ei overrasking at den franskfødde trønderen hadde ei svigertante i bygda - som endåtil er omgangsven med mora mi. Han er forøvrig den siste i kollegiet som var i Årdal.

Elles har eg gjennom åra ein sjeldan gong møtt folk som har nikka halvvegs gjenkjennande til namnet, eller i det minste har kjent til ei av nabobygdene. Men det statistisk mest usannsynlege opplevde eg på ein campingplass i Särna i Midt-Sverige. Der traff eg på eit rogalandspar som hadde gjort svenskar av seg. No var dei på biltur, og målet for reisa var eit 70-årslag i - ja, treng eg eigentleg seia det? - Årdal i Ryfylke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar