tirsdag 18. desember 2012

Med magnesium mot migrene

Eg er blant dei seks prosenta blant den norske menn som er plaga av migrene, men eg er heldigvis av dei som er lite plaga. Mens nokre har hyppige anfall der dei går ned for telling i eit par dagar med oppkast og full pakke, har eg sjeldne og ganske kortvarige angrep som heller ikkje er så sterke.

Det startar alltid med plutselege synsforstyrringar som kjem utan noka form for førevarsel. Som regel er det ein regnbogefarga, flikrande halvsirkel midt i synsfeltet, gjerne saman med eit liknande felt i over-, under- eller ytterkanten av synsfeltet. Dette fargeskodespelet hadde sikkert vore ganske fint på himmelen nattestid, men som ein del dominerande del av synsinntrykket er det ikkje særleg stas. Det blir umogleg å fokusera, og eg blir ganske svimmel. Halvsirkelen og dei flikrande felta flyttar seg så gradvis ut av synsfeltet, alltid mot venstre, for så å forsvinna, og 30-45 minutt etter at det fyrste symptomet kom, kjem hovudpina.

Vanlegvis går det ikkje lenger enn til hovudpine i mitt tilfelle. Men eg har erfart at eg òg kan bli skikkeleg sjuk om eg ikkje gjer det rette når anfallet kjem.

Det rette har inntil nyleg vore dette: Éin almogran så kjapt som mogleg, og så sova eit par timar. Og etterpå er eg meir eller mindre frisk frå migrenen bortsett frå ein slags hangover som også sit i neste dag. I og med at anfalla er så moderate, trur eg at almogranen slår meg like mykje ut som sjølve migrenen. Det er trass alt raude trekantar og ymse åtvaringar på pakka. Men i det siste har eg prøvd noko anna.

Magnesium. Eg fekk tipset av Snefrid som hadde funne det i ei bok. Eg leste det òg, og tenkte at eg ville prøva det. Viss eg slepp å ta raud-trekant-medisin, er det verdt det. Migrene skuldast visstnok ei plutseleg innsnevring av blodårer, og etter det eg har forstått, hjelper magnesium gjennom at det får årene til å slappa av igjen. Med tanke på at magnesium hjelper mot muskelkramper, er ikkje denne forklaringa usannsynleg. Og på magnesiumpakka er det ingen raude trekantar.

Derfor har eg droppa heile almogranen dei siste fire-fem gongane eg har fått migrene og heller tatt 1-2 magnesiumtablettar så snart som råd. Effekten har vore over all forventning:

Synsforstyrringane går sin gang, men det kjem inga skikkeleg hovudpine etterpå. Nokre gonger kjenner eg det ganske svakt, men andre gonger er eg heilt bra like etter det påtvungne lasershowet. Ved eit høve kunne eg til og med stilla til start i eit sykkelløp ein time etter at anfallet starta!

Det siste anfallet hadde eg for eit par dagar sidan. Synsforstyrringa var kanskje meir fargesprakande enn nokon gong før, så eg var spent på om det ville rekka med magnesium. Det gjorde det. Eg hadde litt meir vondt i hovudet enn dei siste gongene, og eg tålte ingen brå rørsler dei neste par timane, men dett var dett.

Magnesium hjelper kanskje ikkje for alle med migrene, men sikkert for mange av dei med milde symptom som meg. Så kvifor oppfordrar ikkje legane nye migrenepasientar til å prøva det før dei deler ut resept på raude trekantar? 

Det må då vera verdt eit forsøk - ikkje berre for meg.


tirsdag 11. desember 2012

Bartetettleik

Bartetettleik kan vera to ting: 1) kor stor del av (den mannlege) befolkinga som har bart, og 2) kor tettvaksen ein bart er. Lat oss starta med den fyrste tydinga.

Eg bur i Trondheim, og her skal bartetettleiken (tyding 1) vera unormalt høg. Trønderbarten er ein sagnomsust myte utanfor Trøndelag. Me som bur her veit derimot at med unntak av mustasjeklubben sin kontingent i folketoget 17. mai, er bartetettleiken i Trondheim ikkje eit grann større enn i resten av landet, til ein viss skuffelse for onklungar på besøk som speidar etter nettopp trønderbartar. Dei siste som prøvde det, kom til null. Det var i oktober.

No hadde dei truleg kome lenger. Det har blitt in med bart - eller rettare sagt: det har blitt in å visa støtte til kreftsaken ved å få seg bart. Movember blir det kalla, og plutseleg har bartetettleiken (framleis tyding 1) skote i vêret. Ja, så langt har det gått at damer får seg bartesmykke! Nokre kler sjølvsagt barten sin godt, mens andre dessverre har problem  med  manglande bartetettleik (no i tyding 2), og i helga fekk ein slik bart på TV min betre halvdel til å sukka: 

- Lov meg at du aldri får bart, Kjell.

Det var lett å gi den lovnaden. Eg støttar meir enn gjerne kreftsaka, men movember får klara seg utan mitt tilskot til auka bartetettleik.

No skal det seiast at eg har bart, men eg har skjegg i tillegg. Av og til har eg ikkje skjegg, og då har eg heller ikkje bart. Alt eller ingenting. Men slik har det nok ikkje alltid vore. Det finst til og med bilete av dette, og desse bileta er utan tvil ein del av bakgrunnen for Snefrid si oppfordring.

Det var på midten av 1990-talet eg fekk idéen å gro bart. Ikkje for å støtta kreftsaka. Fuglane veit kvifor eg gjorde det. Det var uansett ein usedvanleg dårleg idé. Tid tok det òg. Eg pleidde ofte å kjøpa lunsj på eit tyrkisk bakeri, og ein gong - kanskje eit par veker ut i bartedyrkinga - oppdaga eg til mi store skrekk at eg og tenåringsjenta bak disken hadde omlag like mykje på overleppa. Ikkje godt å seia kven det var pinlegast for. 

Etter eit halvår flytta eg til Bømlo. Der var bartetettleiken i tyding 1 stor. Eg vil nærast seia enorm. Bømlo var rett og slett øyriket der bibel og bart gjekk saman i ei høgare eining, lett krydra med joggebukse og adidas-sandalar. Trass i at barten mn lett kunne skjula seg i mengda på Bømlo, valte eg å skjula han i meir skjegg etter kort tid, og etterpå har det ikkje vore meir bart. Eller rettare: ikkje meir bare bart.

For eg har som sagt framleis hår på overleppa, sjølv om bartetettleiken (tyding 2) ikkje har kvalifisert for medlemsskap i mustasjeklubben, der bartetettleiken er svært så imponerande i alle tenkelege tydingar. Men så skjedde det noko. For eitt år sidan tok eg ein operasjon, og i etterkant av den hadde eg eit noko spesielt næringsinntak i ein lengre periode. Og plutseleg såg eg noko spesielt i speilet:

Bartetettleiken hadde gått opp, og glipa i midten var borte! (Det er her sjølvsagt snakk om bartetettleik i tyding 2 - eg hadde ikkje fått fleire bartar.) Og sidan har det halde seg slik.

Eg spurte legen, men han hadde inga forklaring. Han syntest derimot at det var nokså morosamt, og det kunne eg vera samd i. Ein kan kanskje sjå på det som hende som eit døme på at det aldri er så galt at det ikkje er godt for noko, men på Snefrid sitt spørsmål om større bartettleik i tyding 2 var verdt ein operasjon, lungebetennelse og kraftig vektreduksjon, måtte eg nok svara eit klart nei.