onsdag 28. november 2012

Sandnes Ulf halvvegs gjennom bøygen

I helga sikra nyopprykka Sandnes Ulf seg ny kontrakt i eliteserien etter 3-1 over Ullensaker/Kisa i sin fyrste sesong i det ypperste selskap. Historia viser at det slett ikkje er sjølvsagt at ein eliteseriedebutant held plassen i den fyrste sesongen. Den same historia viser i tillegg at Sandnes Ulf berre er halvvegs gjennom bøygen, for sesong nummer to er statistisk sett heller ingen leik for nykomarane.

Sidan 1984 har åtte nye lag utanom Sandnes Ulf prøvd seg på øverste nivå i norsk fotball, og av dei er det berre Stabæk, som rykka opp i 1994, som har unngått nedrykk i dei to fyrste sesongane. Dei greidde seg i ti sesongar, men elles er lista dyster lesing:

Strindheim (1984), Djerv 1919 (1988), Fyllingen (1990), Aalesund (2003), Hønefoss (2010) og Sarpsborg 08 (2011) rykka ned i fyrste sesong, mens Haugesund (debut i 1998) måtte ta turen ned etter to sesongar. Det kan òg vera freistande å ta med Sandefjord, Strømmen og Odd på lista, i og med at dei gjorde comeback etter fleire tiår i lågare divisjonar. Fasit: Strømmen rykka rett ned i 1986, Sandefjord greidde seg i 2009, men rykka ned i den andre sesongen, mens Odd har halde seg i eliteserien sidan "nydebuten" i 1998.

Går ein lenger bakover i historia, finn ein det same mønsteret . Med få, heiderlege unntak har toppseriedebutantane rykka ned i løpet av dei to fyrste sesongane. Blant unntaka finn me Kongsvinger (opp 1982, ned 1999), Bryne (opp 1975, ned 1988) og ikkje minst Lillestrøm.
 
Mange hevdar at Lillestrøm aldri har rykka ned. Desse "mange" er folk som ikkje kjenner norsk fotballhistorie, og som trur at norsk seriefotball starta i 1963. Men norsk seriefotball starta i 1938, og Lillestrøm debuterte i det som då heitte Hovedserien i 1952/53, for så å rykka ned i 1960/61. I 1975 var dei tilbake, og dette var den 38. strake sesongen på høgaste nivå. Det er norsk rekord.

Litt halv-apropos kan det vera morosamt å nemna ytterpunkta når det gjeld opp- og nedrykk, utan at dei gjeld nykomarar: Rosenborg (1967) og Moss (1987) gjekk rett frå opprykk til seriemeisterskap. Nils Arne Eggen var Rosenborgspelar i 1967 og Mossetrenar i 1987. I den andre enden finn me heislaget Brann som rykka ned og opp annakvart år frå 1979 til 1986.

Og lat oss til slutt minnast Vidar FK frå Stavanger, som på midten av 1990-talet stemte for å innføra kvalifisering om opprykk frå 2. til 1. divisjon. Ja, eg trur til og med at dei tok initiativet til ordninga. Resultatet var tre strake tap i kvalifiseringa i åra 1997-1999.

søndag 11. november 2012

Tidsrekning

I barndomen min var dei 12 digre bøkene frå Store norske leksikon ei uuttømmeleg kjelde til kunnskap. For nokre år sidan gjekk dei inn i den moderne tidsalderen og blei eit nettleksikon. Så blei det slutt på papirleksikonet, og nå har Store norske leksikon gått inn i ei ny tidsrekning. Bokstaveleg talt. I Stavanger Aftenblad leser eg at det mest oppegåande, norskspråklege leksikonet har slutta å bruka forkortelsane f.Kr. og e.Kr. I tråd med moderne villfaringar heiter det no fvt. og evt.

Eg skal ikkje ta ein lang argumentasjon om kvifor det er tåpeleg her. Det rekk lenge å visa til Svein Egil Omdal sitt innlegg "Kristus ut av kalenderen" i Aftenbladet.  Her er hovudbodskapen hans for dei som ikkje orkar å lesa heile innlegget:
"Men alle med common sense vil fort oppdage at common era er det rene selvbedrag, og dessuten ikke så lite etnosentrisk. Den alminnelige tidsregning er – uansett om man kler den i andre ord – den kristne, og den er slett ikke så alminnelig. I dag er det den 25. heshvan i år 5773 etter den jødiske kalender, muslimene er kommet til år 1433 AH og både kinesere, thaier og andre holder seg med årstall som ikke stemmer med Almanakkforlagets.
I Norge har vi, vanen tro, ikke engang klart å bli enige om hva den nye forkortelsen betyr. Den lille v i fvt. og evt., står den for "vår" eller for "vanlig"? Det ene er ganske selvopptatt, det andre er både selvopptatt og upresist."
Det kan knapt seiast enklare og meir presist kor tullete slike påfunn er. For ikkje å seia: Kor misforstådde dei er. Ein del såkalt oppegåande personar meiner i fullt alvor at om me berre dyssar ned at me har ein 1000 år lang kristen kulturarv, vil me framstå som meir kultiverte. Dette skal då ikkje minst ha ein positiv innverknad på integrering av våre nye landsmenn frå ikkje-kristne kulturar. Eg trur det er omvendt.

Då eg gjekk på skulen på 1980-talet, hadde me "Kristendom" på timeplanen. Då eg jobba på ein ungdomsskule rundt år 2000, hadde faget blitt til "Kristendom, religion og livssyn", forkorta KRL. Dette var ei fornuftig endring. Å byta ut forkynninga kristendomstimane våre var prega av, med objektiv undervisning om kristendom og andre religionar, var eit stort framskritt som fremja kulturell forståing i alle retningar. Men så gjekk pendelen som vanleg litt for langt, og K-en forsvann. No heiter det "Religion, livssyn og etikk", og sjølv om kristendomen framleis skal ha den "kvantitativt største andelen av lærestoffet" (sitat frå læreplanen i RLE), har eg inntykk av at mange i rein godtruskap gjerne hadde sett at han hadde fått like lite plass som dei andre religionane.

Korleis kan dei forstå norsk moral og tankesett - ein føresetnad for ei vellukka integrering - om dei ikkje skal læra om bakgrunnen for dei? Kan dei forstå norsk julefeiring utan ganske inngåande kjennskap til kristen tru? Korleis skal dei læra språklege metaforar som "å vera ein Judas" eller "å kasta den fyrste steinen"?  Veit dei kvifor flagget vårt har eit kors?

Kristendomen er så kulturelt altomgripande i Noreg at det vil vera ei bjørneteneste av det store slaget å "skåna" innvandrarane for kunnskap om han, på same måte som det er ei bjørneteneste å ikkje læra kristne barn om andre religionar. Ingen er tent med å lata som at norsk kultur er religionsnøytral sjølv om stadig fleire nordmenn er det. Og då er det viktig, trur eg, at viktige kulturformidlarar, som skule og leksikonredaksjonar, ikkje stikk hovudet i sanden og bortrasjonaliserer verkelegheita. 

For verkelegheita er at vår tidsrekning starta med Kristi fødsel, anten me likar det eller ikkje. Så la oss ikkje framstå som kultur- og kunnskapslause. Me er trass alt i 2012 e.Kr.