tirsdag 17. april 2012

Kaketriks

Når me som er ugifte skal forsyna oss av ei kake, er det som kjent om å gjera å få kakestykket til å stå fint rett opp og ned. For om kakestykket veltar og ligg på sida, blir ein ikkje gift, heiter det. Men kva skjer om kakestykket hamnar rett opp ned?

Spørsmålet melde seg tvert då eg greidde nettopp dét før helga. Rett nok ufrivillig, men ganske elegant likevel. Det nyttar ikkje å spørja korleis eg gjorde det, for det veit eg ikkje. Men kanskje du veit kor kakestykkeovertrua kjem frå? Og ikkje minst kva eit opp-ned-stykke inneber...


tirsdag 3. april 2012

Ein litt historisk seriestart (Nerdevarsel!)

Ja, eg veit at det var andre runde i eliteserien i går, og at dette innlegget dermed er ei veke for seint ute. Men pytt, pytt. Det er ikkje altfor seint å gjera alle fotballstatistikkfreakane som les denne bloggen merksam på at det hagla med historiske poeng i den fyrste serierunden:

Sandnes Ulf spelte sin fyrste kamp, fekk si fyrste skåring og sitt fyrste poeng i eliteserien og blei dermed den 67. klubben som har spelt på det høgaste nivået i norsk fotball sidan 1948/49. For øvrig den tiande frå Rogaland.

Eit anna Rogalandslag, Viking - dei kjære mørkeblå - spelte i raudt! Eg reknar med at det var fyrste gong dette skjedde, i alle fall i seriesamanheng. Det var direkte forvirrande, men likevel ganske praktisk i den tjukke skodda.

Sogndal slo Odd Grenland 4-0 på bortebane, og skreiv dermed klubbhistorie på to måtar. For det fyrste er det den største bortesigeren laget har tatt i eliteserien. 0-3 over Start i 2002 var den gamle rekorden. For det andre førte dette resultatet til at Sogndal for fyrste gong - etter 13 sesongar og 319 kampar sidan 1982 - toppa tabellen.

Etter denne pangstarten er det berre å sjå fram til nye høgdepunkt: Fredrikstad passerer snart 750 kampar i toppserien, medan Lillestrøm manglar fire mål på 1750. Tromsø kjem til å runda 900 mål både framover og bakover, men dømt etter dei to fyrste kampane, kan det ta si tid. Haugesund kan passera 150 sigrar viss dei har ein riktig god sesong, og med ein urealistisk god sesong kan serieleiaren Sogndal runda 100 sigrar. Ikkje like glamorøst er det at Molde truleg passerer 200 uavgjorte (55 gonger 0-0 til nå). I tillegg blir det sikkert mange runde tal på spelarnivå og slikt eg ikkje har oversikt over.

Mest gler me oss likevel sjølvsagt til det store høgdepunktet: Rosenborg-tap nummer 250.