torsdag 24. november 2011

For dumminger

For ei tid siden så jeg denne boktittelen i universitetsbokhandelen på Dragvoll: "Anxiety and Depression for Dummies - Workbook". Dette er bare én av mange uheldige og/eller pussige boktitler i "for Dummies"-serien, som favner om alt fra algebra til økologisk hagearbeid. 

De potensielle kjøperne av boka ovenfor, kunne for eksempel hatt minst like stor glede av "Happiness for Dummies" eller "Boosting Self-Esteem for Dummies". Andre titler er litt mer tvetydige. Hvem tenker en på som dumminger i tittelen "Coaching Volleyball for Dummies"?

Her er et knippe titler fra "2011 Catalog for Dummies":
  • Training Your Brain for Dummies
  • Being the Best Man for Dummies (Kan tolkes på to måter)
  • Smart Homes for Dummies (Tenk å være dummere enn sitt eget hjem...)
  • Vocabulary for Dummies (360 sider!)
  • Logic for Dummies (Ikke den enkleste boka i serien)
  • Running a Restaurant for Dummies (Hvorfor?)
Og til slutt boka for meg og mine kolleger (i norsk utgave, selvfølgelig): "Teaching English as a Foreign Language for Dummies".

fredag 11. november 2011

Best før

For eit par månader sidan hadde eg nokre innlegg her som gjorde at nokon lurte på om eg begynte å få litt alderskrise. Innlegga handla om at ei vekt stempla livsstilen som uttrygg og at eg fekk lesebriller. Det er ingenting mot det som hende i går:

Eg skulle hella litt potetgull i ei skål då eg fekk auge på utløpsdatoen. Under merkelappen "Best før" stod datoen for 40-årsdagen min...

søndag 6. november 2011

Oppgradering og nedgradering

På jobben bytte dei nettopp ut e-postløysinga, og samstundes fekk me ei oppgradering av Office-pakka frå 2007 til 2010. Anten me ville eller ikkje. Eg siklar ikkje etter slike oppdateringar. Word (og sikkert resten av kontorpakka) har knapt nok har kome med noko nytt vanlege folk verkeleg treng, sidan 97-utgåva, og det ein då sit igjen med er masse ekstraarbeid med å læra seg å finna fram i nye menyar og gjera alle personlege innstillingar av stavekontroll, autokorrektur, stilar osb. på ny. For den nye versjonen hugsar sjølvsagt ikkje innstillingane i versjonen han erstattar.

Men, men. Dette er no lite heft i det store og heile.

Verre er det når ei oppgradering gjer maskina ubrukeleg. Det skjedde på mini-pc-en min i sist veke. På den har eg heile tida kjørt Linux, nærare bestemt Ubuntu. Eg var svært nøgd med versjon 11.04 (med klassisk visning - lika ikkje det nye grensesnittet), men maskina masa om oppgradering til 11.10, og etter å ha rådført meg litt med klokare datahovud enn mitt, ga eg etter. 

Ubuntu 11.04 blei til Ubuntu 11.10, og musematta slutta sporenstreks å fungera. Eg googla etter tips og fann nokre som eg prøvde utan vellukka resultat. Det var berre ein ting å gjera: nedgradera igjen.

Her dukka to nye problem opp: For det fyrste er ikkje 11.04 på marknaden lenger, så eg måtte ned på 10.04. For det andre: Etter gjentatte mislukka forsøk fann eg til slutt ut at det ikkje var mogleg å laga oppstartsdisk for Ubuntu 10.04 i den siste 11.10-versjonen. Eg måtte faktisk gjera det på ei Windows-maskin før det lukkast meg å nedgradera (les: oppgradera) frå 11.10 til 10.04.

I prosessen var eg innom fleire Ubuntu-forum, og fleire enn eg er kritiske til at utviklarane kjører ut nye "halvfabrikata" kvart halvår i staden for stabile versjonar t.d. kvar 18. månad. Denne misnøya bør Ubuntistane merka seg, for det var ikkje få som skreiv at dei no valte å forlata Ubuntu. Ein bør passa seg så ein ikkje raserer eit veldig godt alternativ til dei marknadsleiande og dyre operativsystema. Er stoda like dårleg når støtta til 10.04 går ut om halvtanna år, blir det nok Windows på minien òg.

No fungerer i alle fall maskina mi igjen etter oppgraderingsstuntet - med eit dugande grensesnitt og noko eldre og treigare programvare....