tirsdag 24. mai 2011

Fonograf

På jakt etter nye idéar i uttaleundervisning las eg i går i Carl Knap si bok "Den direkte metode i sprogundervisningen" frå 1916, som eg kjøpte på ryddesalg på folkebiblioteket i vinter. Knap skriv mellom anna om fonografen som undervisningsmateriell. Han slår fast at "dens bruk ingenlunde kan siges at være slaat igjennem", og at mange "stiller seg tvilende overfor dette nye læremiddel".

Foto: Holger Ellgaard
Dette nye læremiddel, altså fonografen, blei oppfunne i 1877 - nesten 40 år før Knap omtaler det som nytt. I dag går utviklinga litt fortare. 

Om me går 40 år tilbake i tid, kjem me til 1971. Det var på den tida broren min såg ein musikkassett for fyrste gong og far ikkje visste kva det var. Etterpå har kassetten rukke både å bli kjempepopulær og å forsvinna, LP-platene har forsvunne og fått eit nostalgisk comeback, og CD-platene har kome, sigra og starta nedturen. Nå er det digitale musikkfiler som gjeld. Eg såg eit TV-program i sist veke der ein fjortis såg ei LP-plate for fyrste gong. Han syntes det var kult at musikken  kom i eit handfast format.

Tilbake til fonografen. Carl Knap fekk ein demonstrasjon og kunne rapportera dette:
"Jeg hørte et digt og et prosastykke (The four Seasons). Efterat jeg en stund hadde vænnet mig til den generende susen i apparatet, hørte jeg ganske godt, ialfald paa bestemte steder i værelset."
Fonograf er altså ikkje å tilrå i uttaleundervisinga...

tirsdag 17. mai 2011

Bür ond Epplesofften

På ein sykkeltur gjennom Wien i 2007 snubla eg, Olaf og Inge innom Esperantomuseet. Det vil seia, me snubla vel ikkje innom. Eg hadde insistert på at me skulle dit sidan turen starta, og sidan dei to andre også er språkfolk, var dei lette å få med.

I tillegg til esperantorarietetar som t.d. sjokoladereklameplakatar på esperanto, har Esperantomuseet - eller Sammlung für Plansprachen und Esperantomuseum - informasjon om andre planspråk. Og det var slik me kom over Starckdeutsch, ei kjelde til mykje barnsleg glede under resten av turen.

Starckdeutsch er eit temmeleg planlaust planspråk, utvikla av Mathias Koeppel med venner under påverknad av for mykje alkohol, i fylgje Koeppel sjølv i ein YouTube-film. Det har aldri fått noka utbreiing ut over stambordet til opphavsmennene. Språket er eit slags pervertert, dialektal tysk med spesiell vekt på harde konsonantar. Starckdeutsch nytest utan tvil best i høgtlesing.

På museet i Wien hadde me gleda av å høyra ei lidenskapeleg framføring av diktet Bür, som handlar om ølet sine lumske bieffektar. Diktet skal lesast som på tysk, men med sterkt overdrivne konsonantar og gjerne litt aggresivt:

Van demm Büre, van demm Büre
kimmt di Tumbenhait herrvüre.
Schaugist tu ze tiff inz Glarz,
kimmt taksdroff de Koppeschmarz.
Trumb min Pursch, ück sach dirr offtn:
drünck nich Bür, drünck Epplsofften!
 Prosaisk omsett:

Av ølet, av ølet
kjem dumskapen fram.
Kikar du for djupt i glaset,
kjem straks skallebanken.
Derfor, guten min, seier eg deg støtt:
Drikk ikkje øl, drikk eplesaft!
Inge måtte reisa heim alt neste dag på grunn av jobb, og då eg og Olaf landa på Værnes, tok han i mot oss. Så skåla me alle tre - i Inge si eplesaft.

onsdag 11. mai 2011

Kva driv dei eigentleg med?

På Rena har dei Rena farge og parfymeri og i Grimstad finn du Agder møbler og musikk. Desse firmanamna er unekteleg litt oppsiktsvekkande, men dei fortel i alle fall kva verksemd det er snakk om. Ikkje alle er like opplysande.

På ein sykkeltur i går sykla eg forbi skiltet til Trondheim minilager, og då melde jo spørsmåla seg med ein gong: Kva driv dei med? Kva er eit minilager? 

Det hjalp ikkje veldig at "mini" var utheva med feite typar, altså Trondheim minilager. Er det eit lager for små ting? Eller tilbyr dei små lager? Veldig små, i så fall, jamfør uthevinga. Og er det marknad for små lager? Kan ein ikkje like godt bruka garasjen? Er det ikkje å skremma vekk kundane når du reklamerer med at lageret du leiger ut, nærast er eit bøttekott?

Minilageret er  ikkje det einaste noko tåkelagde bedriftsnamnet i Trondheim. Analysesenteret på Leangen er heller ikkje heilt sjølvforklarande. Analyserer dei kva som helst? Dei må i det minste analysera mykje, for huset er svært. Kunne eg fått jobb der med hovudfaget mitt i tysk? Er det noko germanistar kan, så er det jo setningsanalyse. Gi meg ei leddsetning, så skal eg finna dativobjektet før du rekk å blunka, sjølv utan fancy lab.

Konsulent er - dessverre for dei som ber tittelen - ein ganske utvatna tittel. Og om det er diffust kva Analysesenteret driv med, er firmaet Multiconsult direkte mystisk. Smak på det: Multiconsult, eller på norsk: ymse rådgjeving. Her kan det handla om alt frå rotteutrydding til finanshjelp. Dei kunne vel strengt tatt like godt ha kalla firmaet sitt Firmaet vårt. Eg hadde blitt like klok av det. 

Når føler ein intuitivt at her hadde eg hatt bruk for ein multikonsulent, eit analysesenter eller eit minilager? Risikerer dei ikkje å gå glipp av kundar når dei har slike namn? Firmanamnet er trass alt den viktigaste reklameplakaten dei har, så han bør jo seia noko.

Truleg finst det mange andre og like meiningslause firmanamn rundt i landet - forslag mottas med takk.