søndag 20. februar 2011

Keeperen til Liverpool

Ein norsk film med tittelen Keeper'n til Liverpool har vunne ein gjæv pris. Og det passar bra, for Liverpoolkeeperane har stått for mykje ufrivilleg underhaldning. På midten av 90-talet var det David James som hadde hatt ein usedvanleg dårleg dag i Liverpool-buret med tilhøyrande medieoppslag.

Desse oppslaga nådde òg Bømlo i Sunnhordland, der eg jobba på den tida, og då eg kom frå jobb dagen etterpå, hadde husvertens 6-åring samla kompisane til fotballsparking på plenen. Nokre ting endrar seg aldri. Også her skulle alle ha eit alter ego i form av ei stjerne frå engelsk fotball. Etter det eg forstod, skulle kampen stå mellom Liverpool og ManU, og no hadde alle bortsett frå éin fått ny identitet.

"Kem ska du vera, då?" spurde dei andre utolmodig. 6-åringen nøla, så kom det: "Da veit eg'kje, men eg vil faen ikkje vera David James!"