søndag 25. september 2011

Arvesen i mål

Eg er av dei som kan få klump i halsen av sport på TV. Det skal mykje til og skjer kun ved spesielle augneblink. Geir Karlstad sitt OL-gull på 5000 m i Albertville var ein slik augneblink. Thor Hushovd sitt VM-gull i fjor var det absolutt ikkje. Men det var Kurt Asle Arvesen sin etappesiger i Tour de France i 2008. Etter så mange gode og nesten vellukka forsøk kom sigeren som eit lite bevis på at verda kan vera rettferdig.

No er det slutt på Kurt Asle Arvesen sin profesjonelle sykkelkarriere. Han har rett nok eit par løp igjen, men 84. plassen i VM i dag var den eigentlege sortien, særleg for oss føre fjernsynsapparatet. Den lange karrieren hans var ei salig blanding av mange fine sigrar og haugevis med uflaks.

På Arvesen sin CV finn me blant anna to etappesigrar i Italia rundt, VM-siger i U23, to samanlagtsigrar i Danmark rundt og sju norske meisterskap i tillegg til etappesigeren i Tour de France. Vidare finn me fleire av dei mest spektakulære falla i sykkelsirkuset dei siste 10 åra. Så seint som i Spania rundt tidlegare denne månaden kolliderte han med ein liten gut som sprang ut i vegen. Heldigvis gjekk det bra med begge, men for Arvesen var Spania rundt over eit par bandasjerte og smertefulle etappar seinare.

Kurt Asle Arvesen kan ikkje matcha merittlista til Thor Hushovd, men det skuldast hovudsakleg at dei er to heilt ulike syklistar med ulike roller i ritta. Eg har alltid hatt mest sans for Arvesen, rett og slett fordi eg likar allroundsyklistar betre enn spurtarar. (At Hushovd har blitt ein allrounder etterkvart, er ei anna sak.) Blant atskillig større sykkelekspertar enn eg blir han skildra som ein stor taktikar, og derfor hadde han rolla med trekka i trådane undervegs i nokre av dei beste sykkellaga i verden dei siste åra. Han stod så å seia for innlegget, så skulle andre skåra.

Men når Arvesen fekk frie tøyler og gjekk (eller går? - det er som sagt ikkje heilt slutt) for siger, så gjorde han det fullt og heilt, gjerne med eit snev av stor optimisme. Slikt blir det underhaldning og spaning av.

Eg har berre sett Arvesen live éin gong. Det var under NM i Trondheim i fjor, då biletet under blei tatt.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar